måndag, februar 23, 2009

Forkjølelsen har fanga meg og.

Tudulu!

Nok ein dag er nesten over og eg er trøytt og yrar etter å leggja meg i senga mi for å sjå på noko rart på tv! Dagen min starta bra idag, kom meg kjapt opp og var relativt rask ut av døra. Nokon kjedelige fag før Heidi Marie Vestrheim, vår lokale stoltheit, entra scenen for å bergta heile Øystese Ungdomsskule, noko ho gjorde med glans! Flotte elevar kora og Heidi Marie fortalte humoristiske ting mellom songane. Eg er stolt. Etter skulen idag var eg kjørt, eg var sleten og ville leggja meg. Men eg visste at eg ikkje kunne da, fø då får eg store problemar med å sovna i kveld. Men, altso, eg laga meg mat og ette da blei eg sittande med tven å pugga dei 50 statane i USA. So, ette eit par timar med tv, fann eg ut at eg skulle tusla meg ned i bygde for å møta Frida og Renate, so blei no me sitjande å sjå på stramme jente og guta spela volleyball :-)

E da rart Øystese Gymnas e Noregs beste volleyballskule eller?



Forresten, eg har bestemt meg for å ditcha dei vennane eg egentlig ikkje lika, eg blir seriøst utslitt av å tenka på sånne krangleting og sånt. Eg e dritlei!! So eg har store plana om å veme dei morsomme vennane mine eg no. Dei so eg kosa meg med istedet for å berre sitta å prata dritt.

Fø eg har da jævla morsomt med Frida, Mari og Solveig og desse. Eg ler, i stedet for å diskutera og sånn.

3 kommentarer:

Solveig sa...

tjihii.. (L) sånt me like

Anonym sa...

Lurt og ta vare på venna du føle deg bra med og har da kjekt med :)

Anda Karro sa...

eg har bestemt meg for å ditcha dei vennane eg egentlig ikkje lika, etc..."_-
alt bra?.....

enig med maren, ta vare på dei vennane som virkelig e der og du bryr deg om ! dei som e der for deg 24/7 no matter what!;).

hmm og stjal du ordet Relativt av meg ette du leste blogginnlegget mitt?XP haha.. nedda:P