Viser innlegg med etiketten sjukehus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjukehus. Vis alle innlegg

torsdag, januar 01, 2009

Sjukehuset igjen, faen

So var eg tilbake på Haukeland Universitetssjukehus, sattan detta kunne eg ha vore foruten, virkeleg.
Ja, altso. Tirsdag var eg i bursdag til min bestefar, litt alkohol havna i blodet. Mykje god mat og godt selskap. Neiasso, reiste no heim med ho mor og sovna godt i senge. I 10/11 tide begynte mat og div å komma opp igjen, so fekk eg noko inni helvete vondt i brystet. So gjekk eg inn til mammo å la meg, grein å sutra, so ringte mammo til pappen å fekk han til å kjøra meg ned til legevakten. Der blei eg neddopa på morfin. Låg der i fææla smerte før helikopteret landa på kaien, og me forsvant i sjukebilen som kjørte oss ned på kaien. Denna gongen fekk eg da jo med meg og :p woho. Helikopter e bråkete, eg skal lova deg, da bråkte noko uttav helvete. Og nyttårsfeiringe blei tilbrunge på sjukehuset saman med pappen. Me såg ikkje eit einaste fyrverkeri. Dei me såg, såg me på tv. Men men. No liggje eg i smerter på sjukehuset saman med mammo, pappen og tante åsne. Eg e trøtt.

torsdag, september 04, 2008

my great days, hahah..

Hallo folkens!

No e eg drit lei! Eg forstår ikkje, eg forstår ikkje at eg takla detta. Eg trur seriøst eg hadde begynt å mala veggane ein annar farge enn gul viss ikkje Solveig hadde budd her. Kanskje kvit. Ellers so hadde eg fått ein jævli sjukehusfeeling av da. No e jo veggane mine bombadert med tegninga. Sjølvportrett mest. Av folk so har vore på besøk. 18 tegninga har eg på veggane. + bilde, dartspel lol, korktavla, klokka, dikt frå Anne<3 og plakat med helsinga frå klassen! So eg har da fint ja. Hahaha.
I går va eg og solveig ned der so eg tok mr, jaa, me fann fram te slutt, og fø eg vatt ikkje flau når legen kjente meg igjen som "ho som besvimte" jarh, fø da va ikkje flaut. E ikkje mi feil at du ikkje kan stikka der du ska -.-
Gledelig nyheit. Eg har hatt vondt i tedna so lenge at no merke eg da ikkje lengre, noko som betyr at eg for sova om nettene!!=D Kjetil si feil at eg har vondt i da heila!

Men no ska eg kvila litt lunsj :p

Noken som veit kor mange gonga ordet Fokus, vert nemnd i fokusreklamen?

onsdag, august 13, 2008

Cry baby

Dagens godnyheit! Eg fekk kjøtdeig og spaghetti til middag - lykkerus!
I tillegg var tante Ellinor på besøk, fekk snop og chips =D
Oooooog Laila har vore her og gjort meg glad, eg har fått teikingar til å henga på veggen, dei ser svært flotte ut. Lars-Einar og Morten e flinke. Ja, Widar og ho Laila sjølv e ikkje so verst dei heller.
Solveig mi kjære syster kom heim frå syden i dag, gler meg veldig til ho kjem på besøk =D

Litt frustrasjon må eg få ut. Eg har mangfoldige tusen som eg vil og skal bruka på kle.
GJE MEG MOGLEGHEITA TIL DET!
Eg e stuck på detta sjukehuset og eg vette sintare å sintare. Psykologen irrtera vette av meg med kims leiken, den huske leiken.. Eg HAR ikkje hukommelse, og eg gidde ikkje trena på den med ein person som e irriterande. Sånn e da med den saken.

Ja, eg har ikkje hukommelse. Get over it.

btw, eg får kveldsmat og eit kvarter. BERRE fø da at eg liggje på sjukehus på ein avdeling med gamle folk. me NOT likes it