måndag, september 22, 2008

Kyllingsuppe

Kyllingsuppe er ikkje yummy. Det er ikkje godt. Da smake.. eg kan ikkje setja ord på da. Men da e vertfall ikkje godt. Men eg eta da no eg. Eg har ikkje so masse annart å gjera på, ferdig på skulen for dagen e eg. Solveig kjem snart. Da regne. Eg har lyst å sova. No sa sjukepleiaren at eg sko samla samen alle kledna so sko vaskast. Eg må vel gjera da då.

Eg grue meg te eg ska heim. Te å sjå alle igjen, da hjelpe litt på at heile 10ende klasse kjem på besøk på onsdag, men uansett. Sjå alle igjen nesten kvar dag. Stå opp 7 kvar morgon. Gå til skulen, gå heim igjen. Kanskje eg får taxi viss eg ikkje greie å gå. Hoho. Eg grue meg te å måtta laga maten min sjølv. Men Victor kan sikkert gjera da vist han får cola. Eg grue meg. Da e rart å grua seg til noko som eigentleg du skal glede deg til. Eg skal jo heim. Ette 2 månadar. Kanskje 3. Eg veit ikkje. Om 2 veker skal eg ta nokon prøvar, mr og ultralyd å sånn. Vist dei prøvane ikkje er på mi side denne gongen vert eg utruleg sur, eg vert sint. Eg kjem te å grina. Noko so jævli. Eg har gleda meg lenge. I sommar so gleda eg meg max til hausten. No går eg glipp av den. Eg går glipp av den og skippar rett til vinteren. Eg har ikkje lyst på vinter i da heila. Eg har lyst på haust eg. Eg har lyst til seine ettermiddagar inne med kakao og kos. Klisje altting. Da veit eg. Men da e so utrulig kos.

Eg saknar å ha ein mann hjå meg. Sjølv om eg nett er kome ut av eit nesten 2 år langt forhold, saknar eg det å ha ein mann hjå meg. Ein mann. Får det til å virke som om eg er 28 år veit du. Eg saknar nærheit med andre ord.

Men eg likar ikkje å snakka om sånne personlige ting. Eg snakkar heller om kyllingsuppa mi. Som eg ikkje har ete opp, fordi den ikkje var god. Eg har ingenting å prate om, det er trist. Iogmed at det er mandag og det har skjedd utruleg mykje i helga. Eeenei. Her har da skjedd utruleg lite, pappen har budd her. Me spelte radiobingo på fredag. Men me vann ikkje.

EG SKAL SKRIVE MED STORE BOKSTAVAR EG NO. FORDI DET TYKKJER EG ER UTRULEG MOROSAMT. HAR DYKK LAGT MERKE TIL AT EG HAR BRUKT ORDET UTRULEG MYKJE? HAHA, DET BLEI RART. EG HAR BRUKT ORDET "UTRULEG" MYKJE. DET VART BRA. BETRE. BEST. EG E BEST. PS. SOLVEIG TRUR IKKJE PÅ AT SPANSK LÆRAREN MIN HEITE GLIDHJPATGGLABITIFHVISNG SKRAÅGENIIKRTTIFEKRAF. DA E NO SIKKERT LIKA GREIT FØ DA E IKKJE SANT.

Store bokstavar vart litt for stort for meg. Eg likar det litt smått eg. Eja.
Vi snakkes. 1881. Nei, da e ikkje nummeret mitt. Du e DOM viss du trudde da. DOM.
Men me snakkas ;)

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg laga nisto di kvar dag i ei veka eg , viss eg får ei cola ;)