søndag, september 28, 2008

Supersupporter?

Hei folkens! Nok ein sur og mørk haustdag på Haukeland. Eg kjedar meg no. Det er svært lite å gjere på, på sundagar. For eit par daga sidan dreiv eg og Solveig å tok ned teikingane på veggane, for å samle dei og lage eit hefte. Det var veldig fint, fordi då fekk eg sjå dei gule veggane på rommet. Jeei. Men idag fekk eg besøk av supersupporterane so hadde vore på kamp, som vanleg vant dei, 9-2 denne gonga. Det betyr opprykk til 4.divisjon!! Søtaste jentene og kjekkaste gutane som var innom. Og det eg sat igjen med var ein hatt, drakt og nye teikingar på veggen! Takktakktakk!:D
So no sitje eg å pappen med kvarsin data og ser på søndagsrevyen og høyre på Brannkamp. Jess, stadion utanfor vindauga.

Det var det eg hadde å seie for denne gongen. Kjem kanskje meir i kveld ;)

peaceandløv

2 kommentarer:

maren sa...

Søndaga er ikkje så veldig kjekke kan eg røpa. Veldig lite å finna på :-p
hehe, kos du har besøk då:-D Du må blogga meir seinare :)

ingrid sa...

Alltid pus <3